Viser innlegg med etiketten Jul. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Jul. Vis alle innlegg

tirsdag 31. desember 2013

Julegåver

Litt av dei julegåvene eg laga.
 Bukse i ullfrottè frå Janus, med verktøystoff frå Sydilla.
Mønster frå Heilt Spesiell og Jubel
Forkle til ei fantastisk bakeglad jente som eg saknar kvar dag!
Vinyltrykket kom på etter eg hadde tatt bilda...langt på natt ;)

Eit vinglas laga i siste liten fordi eg hadde så lyst å prøve og det passa så utrulig godt til personen. Det vart laga så i siste liten at det vart ei uinnpakka ekstragåve i gåveposen. 
"Life is SEW good" og "C"

Postkasser med vinyl


Cookie in a jar
Desse glasa lage eg mange av og ga ut som ei ekstra gåve eller overaskingar til folk som overhode ikkje forventa noko. Veldig kjekt!

 Seigemanna uten manna... 
 Høyrer jula til her i huset og glas med godsakene blir delt ut :)

torsdag 14. november 2013

Forkle til jul...

eller heile året? Ja, takk, begge deler :)
Forkle er sydd med innsnitt for ekstra fin passform og dobbelt så det kan brukast på begge sider.
Herlige Paris på eine sida og Glade Jul på andre sida.

Om det ikkje blir seldt før så blir det lagt bort på julebutikken til Husflidslaget på laurdag. Ope 11-13. Nytt lokale i Bruksbutikken, Garvargata 1. Tombola, kaker, kaffi og mykje flott handarbeid :)

torsdag 6. desember 2012

Juleverkstad

 No når vi endelig har godt med plass til å lage til det eg måtte ønske av samankomstar bestemte eg meg for å invitere til juleverkstad. Eg hadde sett det søtaste pepperkakehuset på Pinterest og invitere dermed til Pepperkakehuspyntingjuleverkstad. 

13 pepperkakehus klar til å bli pynta.
Kvar si skål med Nonstop, seigemanna og mini marshmellows og kvar sin sprøytepose med glasur.

Vår eigen pølsekokk. 
Kokken har i lang tid ønska seg ei pølse i brød-drakt...
Be careful what you wish for, I just might buy it ;)
50 pølser gjekk med denne torsdags ettermiddagen.

Fleire som ville prøve seg som pølsekokk

Det var nærast ikkje ein lyd rundt bordet med 13 ungar...full konsing

Storkosa seg, alle mann -og det er sjølvsagt lov å smake litt også

Kanskje ikkje like mykje konsing, men like fullt hyggelig

Uten mat og drikke
Ikkje gangnam style, men Sydney-style ;)

FOR en kjekke ettermiddag! 
Hørte rykte om at dette fort kan bli ein tradisjon :)

lørdag 5. desember 2009

Nissane mine...

og dei raude raude telyshaldareane har gjort sitt inntog i heimen. Ungane drikk julebrus over ein lav sko (-berre i helgane sjølsagt) og siste rest av bakinga håpar eg å få unda i helga.  Eigentlig brukar eg å leite fram alt til 1. advent, men i år er eg seint ute...
Nokre av nissane miner er større favorittar enn andre.

Denne har eg måla sjøl.
Han kan delast på midten og er eigentlig ei kakeboks, men hjå oss står han i stova fylt med Twist.

Det er eigentlig ikkje så mykje eg brukar å bake. Eg er så heldig å ha ei kjekk svigermor i nabohuset som kjem med sine faste sortar. Kvart år får vi smultringar, krumkaker og verdas beste løfser, og heimebaka flatbrød. Vips, 3 sortar klare ;o)
Desse luringane...

er berre supersøte! Skikkelige skoganissar, dei står alltid her ilag med vedaomnen.
Det er faktisk den til høgre som er størst, men det kom litt dårlig fram.

Ungane er veldig glade i julemannar og eg i peparkaker. Julemannane målar vi før vi steikjer dei, men peparkakene får pynten sin først no i helga. Melis og Nonstop er kjøpt inn.
Må vel lage eit par sortar til. Julekjeks, og kokostoppar kanskje...
Nokon som har ei godt forslag? Kva er din favoritt?

Dette søte paret...

er eit resultat av at eg vart sendt ut for å kjøpe blandevatn på eit julebord. Litt blandevatn og nissar til 300 kr stk var i bæreposen min...

Konfekt. Det likar vi (eg)! Mine faste konfektbitar er appelsin-marsipan med sjokoladeovertrekk, rom/rosin, sjokoladekarameller og seigemannar. Litt meir sporadisk er Sarah Bernard og anna marsipan. Eg elskar marsipan! Tenkte å prøve Pistasj-marsipan og kvit sjokolade. Laga du det i fjor Cathrine?

I vindauget på badet

sit denne nydelige saken. Han er berre så søt!


Det er vel ikkje til å stikke under ein stol at eg er ein nisse-person. Englane byrjar og å kome inn, men eg er mest nissar. Eg ar faktisk ikkje kjøpt meg nokon nye i år, men kontaterar at det berre er 5. desember enno. Ca 40 nissar er kome fram til no, det er sjølsagt alt forlite! Eg har nokre til eg ikkje har leita fram enno, men eg har enno plass til mange mange fleire.
Er passelig i rute med julegåvene òg. Om dei ikkje allereide er innkjøpt har eg stort sett ein plan for dei aller fleste. Dei vanskligaste har vore til gutane, men der har eg òg komt på ein god idè.

Eg har blitt flink. Før kjøpte eg ting til dei heile tida. Kle, leiker, spel, kva som helst. Nokre gongar fordi dei trengte det, men ofte berre for at eg hadde lyst å gi dei det. Det er det no heilt slutt på! Sjølsagt fekk dei nye jakker til vinteren fordi dei frå i fjor var for små og dei manglar absolutt ingenting, men ting som kan vente, får dei til jul.


Ynskjer alle ei kjempe god helg!


søndag 15. november 2009

Tjukke pepperkaker

er desverre ingen favoritt...
Oppskrifta eg brukte fann eg i Allers sitt Julemagasin. Deiga vart hard og vanskelig å kjevle ut, muligens litt mindre kveitemjøl...? Eg brukte mikroen for å varme opp deiga slik at det vart mulig å kjevle den ut på ein OK måte.
Når deiga først vart kjevla ut var ungane ivrige. Ihvertfall ei lita stund. Det enda slik det stortsett gjer, eg vert ståande att åleine. Gutane ga først opp. Katrine var den som heldt ut lengst, men då ho høyrde snakk om traktorkjøyring var ho ikkje sein om å kome seg ut døra :o)

Resultatet:
Tjukke og med "rar" overflate. Ser ut som brune Julemanna.

Dei smakte uansett heilt greit og hadde sprø-heita som pepperkaker skal ha.
Så om du likar tjukke pepperkaker er dette oppskrifta for deg!
Eg kjem nok til å prøve ei anna... ;o)