Viser innlegg med etiketten Tips. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Tips. Vis alle innlegg

søndag 20. april 2014

No har det starta!

No har hagen verkeleg satt inn høggiret! Det har skjedd mykje på ei veke som de ser av bileta under her:

Rett før påske renska eg opp i beda. Fjerna mesteparten av det visne frå i fjor, klipte rosene og skar ein ny frisk kant på graset rundt kantsteinane.

Sjå her kor mykje som har skjedd på ei god veke! Og sjå kor mykje finare bedkantane vart etter at eg for over dei. 

Tips: Eg brukte ein gammal brødkniv og skar langs kantsteinane. Mykje enklare og reinare kant enn med spade.

fredag 24. februar 2012

Prosjekt påbygging veranda

På baksida av huset, mot syd, har vi ein veranda som vi bruker veldig mykje.
Det er berre eit problem:

Vatn, vatn, vatn.
Det er nesten alltid vått på marka her,
sjølv med ei drenering som går omtrent der eg har gravd ut.

Derfor skal vi no i år grave vekk alt graset og molda her,
legge duk og fylle på med singel og bygge veranda over denne våtmarka.
Det vil sjå omtrent sånn ut:

Det blir så bra!
Gleder meg til å få kjempestor veranda som gjer at vi kan gå tørrskodd over
til den støypte platten vår som de ser i nedre bildekant til høgre.
På den skal vi etterkvart bygge oss ei hagestove/ kombinert drivhus?

Planlegging er gøy. :)

Programmet eg har brukt til å teikne verandaen finn du her:
http://plantagen-se.floorplanner.com/login

Lykke til!

lørdag 15. oktober 2011

Tid for å mate fugler

No må vi ikkje gløyme fuglane. :)
Det er lite insekter ute no for tida,
så litt frø og nøtter blir veldig godt imottatt av fuglane.

Her i huset er det andre året på rad vi lager vår egen fuglemat. Det er veldig kjekt. Ungane får lære litt om kva fuglane liker å ete og at vi kan gjere noko for å ta vare på dei no når det lir mot kaldere tider. Det gjer sjølvsagt samme susen med vanlig frøblanding og ferdiglaga meiseboller som er å få kjøpt i dei fleste butikkane, men om det ligg noko gammalt delfiafeitt i kjøleskapet og du har litt frø liggende, så er det fort gjort å lage sjølv!

Vi helte blandinga i plastbeger og knytte løkke på ein tråd som vi stappa nedi begera.

Eg hadde ei kokosnøtt liggende som eg kjøpte med fuglemat inni på Europris i fjor. Den tok eg vare på for å kunne bruke den igjen i år med vår egen fuglemat.

I blandinga vår brukte vi solsikkefrø, sesamfrø, linfrø, jordnøtter og havregryn som vi blanda med smelta delfiafett. No har vi ein hamster også som et både frø og nøtter, så vi hadde litt forskjellig liggende. :)

Lyst å prøve? Det er superenkelt! :)

fredag 2. september 2011

Regnets vakre side

Det er som regel når sola skinner at vi tar turen ut i hagen for å fotografere og vise fram hagen frå vår vakreste side. Og det er jo da hagen virkelig stråler, men om ein tar seg ei runde i hagen etter eit regnskyll i ny og ne også, så er motiva minst like flotte! Sjå her, kva naturen har fått til på berre ei lita stund:




 Ta deg ei runde i våte omgivelser du også! :)

tirsdag 26. april 2011

Løk i krukker

Å plante i krukker er både vakkert og praktisk.
På den måten kan du flytte blomstrane dine rundt dit du vil i hagen.

Det er ikkje berre sommerblomster som er fint å plante i krukker,
men løkblomster som feks krokus og påskeliljer passer utmerket.
Du kan godt sette mange typer løk i samme potte i ulik dybde.
Da får du lengre blomstring enn om du bruker kun ein sort.


Her har eg planta påskeliljer nederst og krokus øverst.
Du kan sjølvsagt plante andre typer løk i krukker også.

Når dei er ferdigblomstra kan du ta ut løkane og oppbevare dei tørt til neste vår. På den måten får du bruke krukkene til andre blomster eller planter. Du kan også ta inn krukka med løkane i og oppbevare den kaldt og mørkt til neste vår.

Plant i vei! Det er berre fantasien som set grenser.
Lykke til! :)