Viser innlegg med etiketten Loppemarknad. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Loppemarknad. Vis alle innlegg

onsdag 29. mai 2013

Loppefunn

I byrjinga av mars var vi på tur til Haugesund hjå svigermor. Eg hadde på førehand funne ut at det skulle vere loppemarknad den helga og fekk meg meg heile familien for å leite etter noko kjekt å ta med heim. Vi kom fem minutt før opning og det var masse folk. Svigermor som ikkje har vore på loppemarknad før fekk heilt sjokk og sa så alle høyrde det at dette var galskap. Ja det er godt at nokon seier det, for folk står som sild i tønne og ventar på at dørene skal opne på slike dagar.
Då dørene opna var det ungar som vart skubba til sides av voksne menn. Vi hadde ikkje komt inn før folk byrja å gå ut igjen. Den første som gjekk ut kom med ein liten radio under handa, ein radio som dei fleste har i garasja. Sto han i kø så lenge for dette?!

Misforstå meg ikkje, eg likar loppemarknad og ein må vere tidleg ute for å finne godbitane. Eg har budd i byen og tråla mange marknad på laurdagsmorgonen, men etter at eg flytta til bygda har det ikkje vore så stort å gå på. Denne dagen var det ingen begrensning på kor mange som fekk gå inn og det  var ikkje råd å sjå seg om. Vi kom ut derifrå med ein grønn skrivepultlampe som Espen ville ha, ei lita trillebåre i tre til Malin (og ei rosa konfekteske..)og eit gamalt spann. Lampen vart knust då vi kom heim og trillebåra tålte ikkje den lange reisevegen..

Eg har vel eigentleg ikkje komt til poenget. Espen var ute i garasja på loppemarknaden medan vi andre var inne. Der fann han denne rokken. Det var mange som ville ha den, men dei var så opptatt av å prute at Espen rakk å ta den før dei andre tok til fornuft. Etter at han hadde kjøpt den ville folk kjøpe den av han, men heldigvis, den var til meg! Svigermor lo og skjønte ikkje kva vi skulle med den. "Det var no slik dei brukte i gamledager!". Nettopp... Men eg har ikkje sauer og eg kan ikkje spinne, så det tek vel litt tid før den vert tatt i bruk. Men fin var den da. Det var sjølvsagt ikkje planlagt så vi fekk ikkje plass til rokken i bilen heim. Eg kunne sjølvsagt velge å la eit barn vere igjen i Haugesund, hadde sikkert vore deilig det for ei kort periode. Men svigermor kom på besøk i helga og tok han med seg då. Det var nok den beste løysinga...

mandag 25. mai 2009

Liv i gamle stover og loppemarknad

Trass i at eg er sjuk og full i forkjøling, måtte eg delta på den årlege "Liv i gamle stover" på Osterøy museum som var igår. Museumsdørene var opne for store og små, og alle fekk moglegheit til å sjå seg om i gamle hus og kike på utstillingar. Det var også demonstrasjon av ulike strikketeknikkar og pilefletting. For dei minste var det mogleg å få ri og klappe hest, samt oppleve høner og sauer. Det var også salg av mat, konsert og foredrag av ulik sort.
Eg hadde sett fram til denne dagen, men eg var vel litt naiv som ikkje heilt hadde tenkt på at vi har ei lita jente som krever sitt. Ho spring rundt og vil alt mogleg, og vi har meir enn nok med å halde styr på henne. Dei gamle museumsgjenstandane er ikkje noko for små hender så eg måtte halde meg vekk frå ustillingane. Eg har heldigvis vore på museumet før, og har vist dokke det meste av museumet på bloggen ifjor, men Espen (som er her ifrå!!) hadde ikkje vore her. Så vi skal ta oss ein tur ein annan gong når det er mindre folk og det moglegheit for guiding.

Etterpå reiste vi på ein lokal skule på loppemarknad. Eg er vant med loppemarknad i Bergen kor folk står ein time i kø for å sleppe inn når klokka akkurat er 10. Folk spring til borda for å sikre seg eventuelle kupp. Det er ofte mykje å velge i og masse fint å kjøpe. Slik var det ikkje her. Loppemarknaden opna 14, men vi kom eit kvarter før og det sto kun nokre få bilar utanfor. Dørene var allereie opna så det var berre til å byrje å handle. Alt var ferdigprisa og du gjekk til ei eiga kasse for å betale. Utvalget var for det meste pyntegjenstandar frå 80-90 talet, tinn, tre, servise og ikkje minst kruser. Klede også sjølvsagt og sko. Nesten ikkje bøker og det var heilt fråværande av kjøkkenutsyr. Eg brukte 15 kroner der, det er ny bunnrekord for meg. Eg kjøpte den emaljekoppen dokke ser over som hadde stempel frå ein emaljefabrikk i Danmark. Og ein englelysestake frå Vila Collection som eg skal gi vekk. Eg slo meg laus og kjøpte to sjokoladekakestykker for å bruke noko av tikroningane eg hadde spart til denne dagen. Eg ler litt når eg tenker på alle forventingane eg har til ting. Det er ikkje alltid det er slik ein er vant med...

mandag 3. november 2008

Ein liten draum

Ein av mine draumar er å skaffe meg sauer. Av sauene får eg ull som eg vil karde og spinne til eige garn. Eg kan ingenting om det, men eg drøymer om å lære meg det ein dag. Eg har også veldig lyst til å lære om plantefarging. Mitt første steg mot draumen, er innkjøp av handkarde. Eg har kjøpt dei på brukt og antikvitetsforretninga her på Valestrand. Veldig mykje rimelegare enn å kjøpe nye. Har du ein liten draum som meg eller berre er nyskjerrig på kva ein bruke ull frå sauen til, kan du lese meir på http://www.spinnvilt.no/.

søndag 13. april 2008

Tid for loppemarknad

Det er vår og tid for loppemarknad. Denne helga var det loppemarknad på to skular her i bydelen, og eg må seie eg er svært forundra over kva arrangørane kan ta seg betalt for noko andre ikkje vil ha lengre og gir vekk gratis. Eg vert irritert når selgjarane står bak borda og prøvar å leike kremmar, og konkurrerer om å få best mogleg pris. Til dømes måtte ein gi 40 kr for ei bok. Her snakkar vi om gamle, brukte bøker som du kan få tilsvarande ny på butikken for 50 kr... Dette provoserer meg. Er det ikkje meninga å verte kvitt mest mogleg slik at ein får mest mogleg pengar til inntekt for korpset sitt? Det skal seiast at eg kjøpte ei bok til 40 kr, og det skar meg i hjarte. Boka handla om Bergen i krig, noko som Espen er svært interessert i. Av andre ting eg ikkje har tatt biletete av, så kjøpte eg eit Liverpool-krus til Espen.
Etter at eg mista bestemødrene mine for vel eitt år sidan, så har eg byrja å setje pris på små søte skåler, vasar, mugger og liknande som minner meg om dei. Her er det avbilda ei fløtemugge, kaffisukkerskål, saltbøsse, to små vasar til markblomar, samt lysestakar og eit serveringsbrett i fattigmannssølv. Eg betalte 140 kr tilsamen. Ikkje noko kupp kanskje, men eg gir alltid litt ekstra når det er skulekorps fordi eg sjølv spelte i eitt i min barndom.
Elles så kjøpte eg ei bok frå 1905. Bokstavane i boka er uleseleg og samstundes veldig fine. Arka kan eg vel få bruk for. Fint til kort, scrapbook og diverse. Berre fantasien set grenser. Boka ga eg 10 kr for. Så kjøpte eg ei bok om sjal til kr 20 og ei bæremeis frå Bergans til kr 100,-. Så no vert det tur til sommaren.
Allereie neste helg skal vi i nye loppemarknadar. Det er ikkje alltid at eg kjøper så mykje, men det er litt artig å kike på alt skrotet som folk har hatt i heimane sine. Det er også litt moro å sjå enkelte som kastar sg inn dørene når det opnar, spring bort til borda og triv til seg alt mogleg skrot og skrap. Idag såg eg forresten to eldre damer som krangla om ein julepynt i Nille-stil. Kjære vene, seier no eg...